Sommaren på Bjøknesetre

Etter omlag 25 år vart det setra med mjølkekyr på Bjøknesetre i Lordalen att, sommaren 2025. Gardskjerringa sette i live draumen om å ta med både ungar og kyr til seters.

Å setre på Bjøknesetre i sommar vart ei minnerik oppleving! Eit skikkeleg familieprosjekt. Noko vi har gjort saman, og som vi no deler minna om. Tidleg opp og seint i seng, - med dagar fulle av gjeremål, utforsking, leik, solkrem, ku, måltid og kvarandre. Sjølv om dagane gjekk i eitt, så fann vi ei god ro her.

Vi har ikkje hatt nokon i generasjonar før oss til å overlevere kunnskap og erfaringar vi kunne hauste av når det gjeld setring og foredling. Men det står ingen stad at ein ikkje kan starte opp nye tradisjonar.

Mjølk er ei fantastisk råvare! Å setje seg nærmare inn i eigenskapane til mjølka, foredle og bruke ho i mykje forskjellig mat og drikke, har gjeve oss ein ny dimensjon ved å vere mjølkeprodusentar.

Solros og Tirilros tok livet i solfylte Lordalen med stor ro og kom til mjølking morgon og kveld. Separatoren var i sving etter kvart stell, og vi fekk laga tjukk og god rømme og eit smakfullt gult smør.

Vi har utforska Lordalen og vorte betre kjent i denne fine seterdalen. Det har vore tid til trille- og sykkelturar og turar i fjellet, men mest har skogen, bekkar og steinar rundt setra vorte oppdaga med stor iver av borna. Etter sommaren har vi konkludert med at ein verkeleg ikkje treng reise langt for å sanke gode familieopplevingar! 

Så håpar vi at vi kan inspirere andre til å kome i gang å setre og. Ressursane i utmarka og på setrene ligg der.

Sommaren på setra hadde ikkje vorte noko av utan god hjelp og støtte frå; fenomenale Sigrid Lovise dei fyrste dagane, gode seternaboar som har lånt ut kve, faglege råd frå Ann-Ingeborg hos Per-Hansagarden Gardsysteri, Maja med familien sin på Vollavollen i Litj-Hendalen som inspirerer oss, gardskar Roman, Ole Bjørner for utlån av mjølkemaskin i påvente av vår eigen, Grethe og Dag for at de heier på folk som prøver nye ting og dei konstruktive tilbakemeldingane på produkta som vi set slik pris på, - og ikkje minst pappa og svigerfar Ingjald, for di uvurderlege støtte, som trør hjelpande til der det trengs og ditt sindige nærvær.

Vi ønskjer og å takke alle kundar som har satt pris på å få tak i produkt laga på lokale ressursar.

Lokalavisa Vigga tok kontakt i haust og ville høyre litt om sommaren vår i Lordalen, du kan lese om han her.

Les artikkelen om seterdraumen som blei verkeleg hjå Vigga.no her.

Neste
Neste

Aktiviteter på gård i høstferien